1888
Utsjånad
| 1886 | 1887 | 1888 | 1889 | 1890 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1888 (romartal MDCCCLXXXVIII) var eit skotår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein fredag i den 12 dagar seinare julianske. I tysk samanheng er 1888 kjend som Trekeisaråret.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]
- 9. mars: Fredrik III blei keisar i Tyskland etter Vilhelm I døydde. Han skulle regjera i berre 99 dagar.
- 1. mai: Meiji-keisaren i Japan danna eit keisarleg råd leidd av Ito Hirobumi. Rådet fekk mellom anna i oppdrag å skriva ny forfatning for landet.
- 13. mai: Slaveri vart forbode i Brasil.
- 15. juni: Vilhelm II blei keisar i Tyskland etter Fredrik III.
- 15. juli: Bandai-fjellet i Fukushima-prefekturet nord for Tokyo hadde vulkanutbrot.

- 15. august-29. september: Fridtjof Nansen kryssa Grønland på ski.
- 14. oktober: Filmsnutten Roundhay Garden Scene blei teken opp i Roundhay ved Leeds i England. Dette er den eldste filmen som framleis er til.
- Brunei vart britisk protektorat.
- Nauru vart annektert av Tyskland.
- Kongesonen Dinizulu leidde eit mislukka opprør mot den britiske styringa i Zululand.
- Emile Berliner tok opp og spela av lyd frå ei grammofonplate.
- Blake forbetra karbonmikrofonen.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Ved Stortingsvalet 1888 gjekk Høgre fram og danna regjering saman med det nystarta partiet Moderate Venstre.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg Fødde i 1888.