2014
Utsjånad
| 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | ||||||||||||||||||||||||||
|
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
2014 (romartal MMXIV) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.
2014 blei utnemnd av SN til internasjonalt år for:[1]
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]
- 1. januar: Latvia innførte euro som offisiell valuta.
- 7.–23. februar: Vinter-OL 2014 blei halde i Sotsji i Russland.
- 22. februar: Det ukrainske parlamentet stemde for å avsetja president Viktor Janukovytsj etter fleire dagars folkeleg uro som førte til at eit hundretals menneske døydde. Oleksandr Turtsjynov blei vald til overgangspresident.[2]
- 28. februar: Krimkrisa. Russiske styrkar tok kontroll over Krim-halvøya i Ukraina.
- 1. mars: 33 personar blei drepne og 143 skadde i den kinesiske byen Kunming då ei gruppe på åtte personer angreip folk på jernbanestasjonen med knivar.
- 8. mars: Passasjerflyet Malaysia Airlines Flight 370 forsvann under si flyging frå Kuala Lumpur i Malaysia til Beijing i Kina.
- 11. mars: Krimkrisa. Regionalforsamlinga på Krim erklærte sjølvstende frå Ukraina, allereie før den tillyste folkeavstemminga 16. mars.
- 18. mars: Væpna personar frå Taliban angreip Kabul Serena Hotell og drap ni sivile.
- 21. mars: Krimkrisa. Føderasjonsrådet i Russland godkjende traktaten som formelt gjode Krim og Sevastopol til to nye, administrative distrikt i den russiske føderasjonen. President Vladimir Putin skreiv seinare under på loven. Annekteringa av Krim førte i dagane som følgde til at Russland blei midlertidig suspendert frå G8[3] og fråteke stemmerett og observasjonsrettar i Europarådet.[4] Folkeavstemminga og annekteringa blei avvist av Generalforsamlinga i SN i Resolusjon 68/262.[5]
- 23. mars: Den islamistiske gruppa Boko Haram utførte eit bombeåtak i byen Bama i Nigeria.
- 23. mars: Tyrkiske fly skaut ned eit syrisk kampfly som skulle ha krenka tyrkisk luftrom under eit angrep mot grensebyen Kassab i den syriske regionen Latakia.

- 25. mars: Verdas helseorganisasjon (WHO) melde at helsedepartementet i Guinea hadde rapportert utbrot av ebola i fire distrikt, med moglege tilfelle i nabolanda Liberia og Sierra Leone. Dette skulle visa seg å bli ein døydeleg epidemi i ei rekkje land i Vest-Afrika.[6]
- 1. april: Manuel Valls blei statsminister i Frankrike etter Jean-Marc Ayrault.

- 5. april: Det blei halde presidentval i Afghanistan og Ashraf Ghani blei vald til president etter Hamid Karzai. Dette var den første maktoverføringa i afghansk historie som gjekk føre seg på demokratisk vis.
- 6. april: Parlamentsval i Ungarn. Fidesz fekk flest stemmer og Viktor Orbán blei sitjande ved makta.
- 8. april: Minst tolv personar blei drepne og 40 skadde i eit bombeangrep mot eit tog i den sørvestre provinsen Balutsjistan i Pakistan.
- 14. april: Minst 75 personar blei drept i ein eksplosjon forårsaka av ei bilbombe på ein bussterminal i den nigerianske hovudstaden Abuja.[7]
- 15. april: Ei gruppe tungt væpna islamister kidnappa over 100 jenter frå ein vidaregåande skule og sette fyr på flere bygningar i byen Chibok nordaust i Nigeria.[8]
- 16. april: Ferja «Sewol» kantra utanfor øya Jindo i Sør-Korea. Over 300 personar døydde, mellom anna fleire skulebarn. Den sørkoreanske statsministeren Chung Hong-won sa seinare frå seg embetet som følgje av ferjeulukka.[9]
- 29. april: Ringforma solformørking.
- 30. april. Presidentvalet i Irak blei gjennomført med stor uro rundt seg. Om lag 60 menneske døydde ved fleire terroriståtak på vallokale rundt om i landet.[10]
- 2. mai: Rundt 2 100 menneske blei drepne i eit jordskred nord i Afghanistan.[11]
- 5. mai: Verdshelseorganisasjonen (WHO) omtalte utbreiinga av polio i minst 10 land som eit kritisk internasjonalt helseproblem.[12]
- 5. mai: Militante frå Boko Haram drap rundt 300 på ei natt under åtak i grensebyen Gamboru Ngala.[13]
- 13. mai: Ein eksplosjon i ei kolgruve ved Soma i Tyrkia drap rundt 230 og stengde inne over 100 gruvearbeidarar.[14]
- 20. mai: Eit bombeåtak i Jos i Nigeria drap 118 menneske.
- 22. mai: Hæren i Thailand, leia av general Prayuth Chan-ocha, tok makta ved eit militærkupp.[15][16]
- 26. mai: Narendra Modi blei ny statsminister i India etter at Bharatiya Janata-partiet vann valet til nasjonalforsamlinga.
- 3. juni: Borgarkrigen i Syria. Presidentvalet i Syria ende med gjenval av Bashar al-Assad.
- 9. juni: Tehrik-i-Taliban Pakistan angreip flyplassen i Karachi og tok kontroll over han. Flyplassen blei gjenerobra av pakistanske styrkar etter fleire timars kamp der minst 28 menneske mista livet.
- 10. juni: Den militante islamistorganisasjonen Den islamske staten Irak og Levanten (ISIL) erobra Mosul i Irak.
- 12. juni: Tre israelske tenåringar forsvann mens dei haika frå Betlehem til Hebron på den israelskokkuperte Vestbreidda. Dei blei seinare funne drepne. Ein tenårig palestinar blei seinare bortført og drepen av ukjende, truleg som hemn for åtaket.
- 12. juni: VM i fotball 2014 opna i Rio de Janeiro i Brasil.[17]
- 15. juni: President Juan Manuel Santos blei gjenvald i 2. valgomgang i Colombia.
- 16. juni: Væpna personar frå al-Shabab angreip den