500-talet
Utsjånad

< 500-talet > markerer slutten på den klassiske oldtida i Europa og byrjinga på mellomalderen, og nedgangstider for det mektige indiske Guptariket. Det persiske Sasanide-dynastiet hadde derimot ei stordomstid, og Kina blei gjenforent til eit storrike under Sui-dynastiet.

Viktige hendingar
[endre | endre wikiteksten]- Klimaendringa i 535-536 gav uvanlege vêrtilhøve og uår på den nordlege halvkula.
- Pestar herja Søraustasia og Romarriket, det sistnemnde etter eit utbrot av byllepest i Konstantinopel.
Afrika
[endre | endre wikiteksten]- Store delar av Nubia blei omvendt til koptisk kristendom.
Asia
[endre | endre wikiteksten]- Kongeriket Funan døydde ut
- Zen-buddhismen kom inn i Vietnam frå Kina.
- Buddhismen blei innført til Japan frå Baekje i Korea i 552 og bidrog til endringane i Asukatida.
- Buddhistiske jatakaforteljingar blei omsette til persisk etter ordre frå den parsiske kongen Khosrau I av Persia.

Europa
[endre | endre wikiteksten]- Silkevegen strekte seg lenger inn i Europa.
- Akademiet i Aten blei nedlagd av Justinian av Romarriket. Dei siste lærarane der drog til Persarriket.
- Karantania, den første stabile og sjølvstendige slaviske staten, blei grunnlagd.
- Skottar utvandra frå Irland til Kaledonia (Skottland)
Viktige personar
[endre | endre wikiteksten]- Aryabhata, indisk matematikar
- Pave Gregor den store (590–604)
- Gregorius av Tours (ca. 538-594?)
- Jordanes, romersk historikar
- Justinian av Romarriket (527-565)
- Khosrau I av Sasanidedynastiet
Kultur
[endre | endre wikiteksten]- Dionysius Exiguus grunnla kalendersystemet Anno Domini, som er basert på Jesus sin fødsel og legg grunnlaget for den julianske og gregorianske kalenderen, i 525.
- Backgammon (nard) blei oppfunne i Persia av Burzoe.
- Sjakk i form av tsjatoranga kom til Persia frå India og gjekk gjennom ulike endringar.
- Bysantinarriket fekk silketeknologi frå Kina.