Atlantis
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Atlantis (fleirtyding).

Atlantis er eit sogeomspunne land som har vore omtalt sidan antikken. Atlantis skal ha vore ei rik øy eller eit landområde som blei teken av havet og forsvann i løpet av kort tid. Det blei først skildra av Platon og har sidan vore inspirasjon for ei rekkje forfattarar og teoriar.
Antikke skildringar av Atlantis
[endre | endre wikiteksten]Platon skildra Atlantis i dialogane Timaios og Kritias, etter noko som skulle vera ein 8000 år gammal egyptisk tradisjon som Solon tok med seg til Aten. Landet tilhøyrde havguden Poseidon og sonen hans, Atlas, grunnla hovudstaden deira og blei stamfar til atlantidane. Den atlantiske hovudstaden var eit geometrisk utforma anlegg med strimlar av land og kanalar konsentrisk ordna rundt ei kongeborg. Landet var rikt på åkerjord, malm, dyr og vekstar, og staten deira var den mektigaste i verda så lenge dei sette dygd høgare enn rikdom.
Atlantis-riket herska over eit område frå Italia til Egypt, men blei stoppa av Ur-Aten, Platon sitt moralske og sterke statsideal. Atlantis kom til ende på eitt døgn då jordskjelv og overfløymingar førte til at det blei slukt av havet. Platon sin elev og seinare rival Aristoteles rekna Platon si forteljing om Atlantis som ein rein fiksjon.