Det skotske flagget


Det skotske flagget (skotsk-gælisk: bratach na h-Alba;[1] skotsk: Banner o Scotland), også kjent som Saltire («andreaskross») eller St Andrew's Cross («sankt Andreas-kross»)[2] er nasjonalflagget til Skottland.[3] Flagget består av ein kvit andreaskross på blått felt, eller med heraldisk skildring, «azure, a saltire argent». Krossen står for apostelen Andreas, som er vernehelgen for Skottland. Det skotske nasjonalflgget, framfor Royal Standard of Scotland («den kongelege [heraldiske] fane for Skottland»), er det korrekte flagget for alle privatpersonar og bedriftsorgan i Skottland.[4] Det er òg, der det er mogleg, heist frå skotske regjeringsbygningar kvar dag frå 08.00 til solnedgang, med visse unntak.[5]
Bruken av det skotske flagget er dokumentert for fyrste gong med ein illustrasjon av eit heraldisk flagg i