Eravati

Eravati (burmesisk ဧရာဝတီ), eng. Ayeyarwaddy, tidlegare Irrawaddy, er den største elva i Burma, og har lenge vore viktig for transport og jordbruk. Ho har utspring like nord for den burmesisk-kinesiske grensa i dei tibetanske fjella før ho flyt gjennom dei sentrale delane av Burma og renn ut i Andamanhavet i eit niarma elvedelta.

Geografi og ferdsel
[endre | endre wikiteksten]Eravati er rundt 2 170 km lang og bekkenet har ei flatevidd på rundt 411 000 km².
Vatn frå elva blir brukt til irrigasjon, særleg i dei sentrale delane av Burma, der nedbørsmengden er liten. Ho er òg den viktigaste vassvegen i landet, og var lenge den einaste transportvegen inn i landet. Under kolonitida var Eravati kjend som vegen til Mandalay, den viktigaste ferdselsåra frå havet til den kongelege hovudstaden. Store skip kan følgja elva 1600 km innover til Myitkyina, deretter gjer store sandbanker og øyar navigasjonen vanskeleg. I dag tek mange turistar cruiseturar langs elva. I mange år var det berre ei bru som kryssa elva, Inwabrua.