GLONASS



GLONASS (russisk ГЛОНАСС; IPA: [ɡlɐˈnas]), akronym for Глобальная навигационная спутниковая система, Globalnaja navigatsionnaja sputnikovaja sistema eller ‘Globalt navigasjonssatellittsystem’) er eit russisk satellittnavigasjonssystem. Opphavleg var systemet fullt operativt med global dekning i 1995, eitt år etter amerikanske NAVSTAR GPS, men på slutten av 1990-talet mangla det pengar til å erstatta satellittar som måtte pensjonerast, og systemet vart kraftig redusert. Først i 2011 var systemet atter fullt operativt, og då med meir moderne satellittar og høgare presisjon. GLONASS-systemet vert brukt til såvel alminneleg terreng-posisjonering som til nøyaktig landmålingsposisjonering.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Utviklinga av GLONASS starta i Sovjetunionen i 1976. Den første satellitten vart skoten opp 12. oktober 1982, og då Sovjetunionens fall i 1991 var det skote opp totalt 43 GLONASS-relaterte satellittar pluss fem test-satellittar. Tolv satellittar var operative, men det trongst 18 for dekning av heile Russland og 24 for global dekning. I 1995 var dei 24 satellittane på plass, noko som fekk presisjonsnivået opp på nivå med det amerikanske GPS-systemet, som var ferdigstilt eitt år tidlegare. Men førstegenerasjonssatellittane hadde kort levetid, og dei økonomiske problema i landet på 1990-talet førte med seg så store kutt i løyvingane til romfartsprogrammet at ein ikkje kunne skyta opp nye satellittar. På det lågaste, i 2001, var det berre seks operative satellittar att. Same år vart det likevel vedteke ein plan for å få systemet på full fote att, og systemet vart overført frå Forsvarsdepartementet til den sivile romfartsorganisasjonen Roskosmos.
Oppskytning av andregenerasjonssatellitten GLONASS-M starta 1. desember 2001. Etter ti år markerte oppskytningen frå Plesetsk kosmodrom 3. oktober 2011 at systemet igjen var fullt operativt med 24 satellittar og global dekning. Det opphavlege GLONASS-systemet hadde to ulike signal for militær og sivil bruk, med høvesvis 10 og 20 m grannsemd. Den 18. mai 2007 vart òg dei tidlegare militære signala fritt tilgjengelege for sivil bruk.
Den første tredjegenerasjonssatellitten, kalla GLONASS-K, vart skoten opp 26. februar 2011 frå Plesetsk kosmodrom. GLONASS-K2-systemet opna i 2023.