Giovanni Gabrieli
| Giovanni Gabrieli | |||
| Fødd | ca. 1555 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Venezia i Italia | ||
| Død | 12. august 1612 | ||
| Dødsstad | Venezia i Italia | ||
| Opphav | Republikken Venezia | ||
| Sjanger | Renessansemusikk, barokkmusikk | ||
| Instrument | orgel | ||
| Verka som | Komponist og organist | ||
Giovanni Gabrieli (fødd mellom 1554 og 1557, død 12. august 1612 i Venezia) var ein italiensk organist og komponist. Han var ein av dei viktigaste musikarane på si tid og representant for den venetianske skulen i overgangen mellom renessansen og barokkmusikken.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Gabrieli vart mest truleg fødd i Venezia. Faren kom frå byen Carnia og reiste til Venezia kort tid før Giovanni vart fødd. Giovanni studerte hos onkelen sin, komponisten Andrea Gabrieli, som òg kan ha oppfostra nevøen sin. Giovanni var ein periode i München for å studere hos Orlando di Lasso ved hoffet til Albert V av Bayern, truleg var han her til 1579. I 1584 eller 1585 vart han andreorganist i Markuskyrkja i Venezia, og etter onkelen døydde i 1586 overtok han onkelen sin posisjon som komponist og førsteorganist.
Etter at onkelen døydde byrja Giovanni å gje ut mykje av musikken hans. Andrea publiserte lite sjølv, men Giovanni meinte tydelegvis at musikken hans var god nok til å gjevast ut, og har derfor æra for at mykje av musikken til Andrea er bevart.
Karrieren til Gabrieli skaut fart etter at han tok ein tilleggspost ved Scuola Grande di San Rocco. Som med postane ved San Marco heldt han òg denne livet ut. San Rocco var det mest prestisjefylte og velståande av alle venetianske brorskapa, og hadde nest etter Markuskyrkja det største musikalske miljøet. Mykje av musikken til Gabrieli vart skriven for San Rocco, men det meste skreiv han nok for San Marco.
Markuskyrkja var ein av dei leiande musikalske institusjonane på denne tida og virket til Gabrieli der gjorde han til ein av dei viktigaste komponistane i Europa. Sacrae symphoniae (1597) var ei stor inspirasjonskjelde og skapte slik furore at det kom komponistar frå heile Europa til Venezia for å studere. Han fekk tydelegvis elevane sine til å studere madrigalar med det same, for i tillegg til den grandiose venetianske fleirkorsstilen tok dei òg med seg den meir intime madrigalstilen. Heinrich Schütz og andre hjelpte til å overføre impuls frå den tidlege barokkmusikken til Tyskland, ein trend som fekk stor tyding for musikkhistoria framover. Den tyske barokken som kulminerte med musikken til Johann Sebastian Bach var grunnlagt på denne sterke venetianske tradisjonen.
Etter om lag 1606 vart Gabrieli stadig sjukare og ein starta å utnemne assistentar til oppgåver han ikkje lengre kunne utføre. I 1612 døydde han av komplikasjonar etter nyrestein.