McCoy Tyner
| McCoy Tyner | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 11. desember 1938 Philadelphia |
| Død |
6. mars 2020 (81 år) |
| Yrke | pianist, bandleiar, komponist, dirigent, jazzmusikar, plateartist, musikar |
| Språk | engelsk |
| Medlem av | John Coltrane Quartet[*], John Coltrane Quintet[*] |
| Nettstad | http://www.mccoytyner.com/ |
| McCoy Tyner på Commons | |
Alfred McCoy Tyner(McCoy Tyner, 11. desember 1938–6. mars 2020) var ein amerikansk jazz-pianist, komponist og bandleiar[1] som tidleg vart kjent for sin store innerknad i John Coltrane Quartet.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]McCoy Tyner var den eldste i ein ungeflokk på tre. Da han var 13 år oppmoda mora han til å lære seg pianospel og frå han var 15 heldt han konsertar med jazzgrupper. Han studerte ved West Philadelphia Music School og seinare ved Granoff School of Music. 17 år gamal konverterte han Sunniislam og tok namnet Sulaimon Saud, men gjekk snart tilbake til sitt opphavelege namn.
John Coltrane og McCoy Tyner treftest første gongen i Philadelfia der dei spelte saman på klubben Red Rooster. Frå 1959 spelte han seks månader i Jazztet med Art Farmer og Benny Golson, før han blei med i den klassiske John Coltrane Quartet med Coltrane, Jimmy Garrison og Elvin Jones der han hadde ei berande rolle fram til 1965 og medverka på album som A Love Supreme (1964, Impulse!) og Crescent (1964, Impulse!). Elles deltok han på Joe Henderson sitt debutalbum Page One i juni 1963.
Etter Ian Carr si meining var John Coltrane Quartet den mest påverknadsrike kvartetten i jazzhistoria og gir Tyner ein stor del av æra for dette.[2] Tyner samarbeidde òg med saksofonisten Wayne Shorter for Blue Note Records, til dømes på albuma Night Dreamer (1964) og gav frå 1962 ut album under eige namn på platemerket Impulse! der Elvin Jones, Art Davis og Jimmy Garrison medverka.
Frå 1966 var McTyner bandleiar og solist sin eigen trio/kvartett og turnerte i USA, Europa og Japan. På denne tida samarbeidde Tyner med Ike og Tina Turner, Jimmy Witherspoon og andre. I 1967 kom det epokegjerande albumet The Real McCoy på Blue Note Records, med Joe Henderson, Ron Carter og Elvin Jones[3]
På starten av 1970-åra gjekk Tyner over til Orrin Keepnews sin label Milestone og spelte inn album som Sahara (1972), soloalbumet Echoes of a Friend (1972), Enlightenment (1973, med Azar Lawrence) og