Hopp til innhald

Nemo Mettler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nemo Mettler

Fødd3. august 1999 (26 år)
FødestadBiel/Bienne
FødenamnNemo Mettler
OpphavSveits
Aktiv2015
Sjangerhiphop, pop
Instrumentvokal, fiolin, piano, trommesett
Stemmetypebaryton
Verka somsongar, rappar, musikar, multiinstrumentalist, skodespelar, låtskrivar, musikkprodusent
PrisarSwiss Music Awards, Vinner av Eurovision Song Contest, Artistic Award of the Marcel Bezençon Awards, Composer Award of the Marcel Bezençon Awards, Attitude Award, Prix Walo, Swiss Music Awards, cultural award and distinction of the city of Biel, MTV Europe Music Award for Best Swiss Act

Nemo Mettler (fødd 3. august 1999), kjend mononymt som Nemo, er ein sveitsisk rappar, songar og musikar som speler fiolin, piano og trommer.[1] Hen vann Eurovision Song Contest 2024 for Sveits med songen «The Code».

I 2015 gav Nemo ut debut-EP-en Clownfisch, som nådde ein 95.-plass på dei sveitsiske hitlistene. I 2017 gav hen ut singelen «Du», som nådde ein 4.-plass i Sveits.[2]

I 2022 deltok Nemo i den andre sesongen av The Masked Singer Switzerland, der hen var utkledd som panda.

Den 29. februar 2024 vart Nemo annonsert som den sveitsiske representanten i Eurovision Song Contest 2024 med songen «The Code».[3] Songen vann konkurransen i finalen 11. mai 2024[4].

I november 2023 stod Mettler fram som ikkje-binær i ein artikkel i SonntagsZeitung. I denne artikkelen sa Mettler at hen føretrekte å bli omtala med førenamnet i staden for pronomentysk, medan hen også brukte dei kjønnsnøytrale pronomena they/themengelsk.[5]