Hopp til innhald

The Ventures

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Ventures

The Ventures i 1967
AliasThe Versatones
The New Ventures
OpphavTacoma i Washington i USA
AktivSidan 1958
SjangerInstrumental rock, surferock
PlateselskapDolton, Liberty, United Artists, Capitol, GNP Crescendo, Blue Horizon
MedlemmerGerry McGee
Bob Spalding
Leon Taylor
Tidlegare medlemmerDon Wilson
Nokie Edwards
Bob Bogle
Howie Johnson
Mel Taylor
John Durrill
Joe Barile
Dave Carr
Biff Vincent
Leisha Soukary
Jonell Calendar
George T. Babbitt jr.
Paul Warren
PrisarRock and Roll Hall of Fame

The Ventures er eit USA-amerikansk instrumentalt rockeband skipa i 1958 i Tacoma i Washington. Gruppa vart starta av Don Wilson og Bob Bogle og har gjennom forskjellige inkarnasjonar hatt innverknad på musikkutviklinga verda over. Dei har selt over 100 millionar plater,[1] og er ei av dei bestseljande instrumentalbanda gjennom tidene. I 2008 vart The Ventures innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]

Med stor dugleik på instrumenta sine, eksperimentering med gitareffektar og unik lyd la dei grunnlaget for mange andre grupper, og dei fekk kallenamnet «Bandet som lanserte tusen band».[3] Populariteten deira i USA gjekk nedover i 1970-åra, men dei heldt på statusen sin i Japan, der dei framleis turnerer regelmessig.[1]

Don Wilson og Bob Bogle møtte kvarandre først i 1958, då Bogle skulle kjøpe ein bil hos ein bruktbilforhandlar i Seattle som far til Wilson eigde. Dei hadde ei felles interesse for gitar og dei byrja å spele i lag, og arbeidde i lag som murarar. Dei kjøpte to brukte gitarar hos ein pantelånar for ti dollar kvar.[4] Dei kalla seg først The Versatones, og duoen spelte i små klubbar, barar og private festar på nordvestkysten av USA. Wilson spelte rytmegitar, medan Bogle spelte solo. Då dei skulle registrere namnet fann dei ut at det alt var teke. Skuffa måtte dei finne eit nytt namn. Mor til Wilson føreslo namnet «The Ventures», som dei vart samde om i 1959.[5]

Etter å ha sett Nokie Edwards spelte på ein nattklubb, tok dei han med som bassist. Bogle hadde ei Chet Atkins-plate, Hi-Fi in Focus, med songen «Walk, Don't Run». Kort tid etter var gruppa i platestudio for å spele inn den nye songen, med Bogle på solo, Wilson på rytme, Edwards på bass og Skip Moore på trommer. Dei trykte fleire plater, som dei distribuerte fleire plateselskap. Seinare slutta Skip Moore for å arbeide på bensinstasjonen til familien. Då «Walk, Don't Run» vart spelt inn, sa han òg frå seg honorara frå innspelinga, og tok i staden 25 dollar på staden. Seinare saksøkte han gruppa for å få honorara likevel, men mislukkast fordi han hadde valt å få betaling i staden. «Walk, Don't Run» selde over ein million eksemplar og fekk gullplate for salet i USA.[6]

The Ventures trengde ein fast trommeslagar etter George T. Babbitt jr. slutta då han ikkje var gammal nok til å spele på nattklubbar og barar, og dei hyrte Howie Johnson og midt i ein hektisk turnéperiode spelte dei inn eit album for å utnytte suksessen til singelen. Babbitt vart sidan ein 4-stjerners general i det amerikanske luftvåpenet og 1. mars 1998 spelte han trommer med bandet i uniform.[7] Besetninga med Bogle, Wilson, Edwards og Johnson var uendra fram til 1962. Gruppa fekk tidleg suksess med ei rekkje singlar, men vart raskt leiande på albummarknaden. The Ventures var pionerar innan konseptalbum (frå og med The Colorful Ventures i 1961) der kvar song på fleire av albuma deira vart vald ut til å passe eit spesifikt tema. Somme av dei mest populære albuma til The Ventures på denne tida var innspelingar av dansemusikk. I «hi-fi-gullalderen» tidleg i 1960-åra, då stereolyd framleis var på eksperimentstadiet, fann The Ventures sin karakteristiske stil ved å spele inn kvart instrument i berre den venstre eller høgre kanalen, med liten (om noko) overgang mellom dei, og forsterka stereoeffekten til det fulle.

I 1961 indikerte Edwards, som sjølv var ein dugande gitarist, at Bogle hadde nådd så langt han kunne på gitaren, og at dei i røynda sløste bort talentet til Edwards med å halde han på bass. Bogle var samd og lærte seg raskt bassgangane på alle songane deira, slik at Edwards kunne spele gitar og han bass. Dette førte til ei viktig modernisering av stilen deira og sikra suksess i ein marknad i stadig endring til godt inn på 1960-talet.

Den klassiske besetninga

[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1957 vart Johnson skadd i ei bilulukke, og han fekk uoppretteleg skade på ryggrada. Han måtte derfor spele med nakkekrage. Johnson spelte på dei fire første albuma og spelte inn kring halvparten av songan epå det femte (